lørdag 3. april 2010

OL-håp og gatefest

I dag stilte vi på Ipanema kl 8 for å sjå på Horrem og Hordvik i aksjon mot Frankrike. Det var spennande å sjå på, men desverre vant ikkje team Norway. Etter kampen slo vi av en prat med guttane, og Hordvik prøvde å bestikke oss til å skrive på bloggen at dei grisebanka Frankrike og at dei gikk ut i sjøen etter kampen og aldri kom tilbake. Desverre var ikkje dette tilfelle, vi satsa på dei spara det siste gutset til OL 2012! Kjekke kara iallfall :)










Her er bilde fra gårsdagens paragliding:


I går kveld reiste vi med en fullstappa buss til Lapa, et område i Rio som er kjent for å ha gatefestar kver kveld. Der var det mildt sagt ymse. Alt fra transvesittar, burger til 12 kr og øl til halve prisen av det igjen, god stemning og desperate gatebarn. Sistnevnte fikk Anne oppleve då ho midt i klynga blei omringa av 11-12 gatebarn som grafsa seg fast i lommene henna sånn at ho ikkje kom seg laus. Heldigvis kom det to sterke mannfolk til unnsetning og fikk bokstavlig talt løfta vekk ungane.
Opplevelsen av Lapa er derfor veldig blanda - på ei side var det god stemning og masse bra folk, men samtidig var det masse kriminalitet som gjorde at vi måtte vere på vakt heile tia.

fredag 2. april 2010

Rio frå lufta :)

Først må vi berre seie APRILSNARR! Det har komt et par bekymringsmeldingar, sjølv om dei fleste ikkje gjekk fem på. Silje er altså frisk, rød i trynet og krølla i ulla. Alt er med andre ord som normalt.

Livet i Rio er herlig og det er mykje spennande å finne på. Her om dagen tok vi turen på eit av dei største markeda i byen som byr på over 600 butikkar/boder. På veg tilbake tok vi eit stopp innom sjømannskirka, i håp om å finne melkesjokolade og vafler. Til vår store skuffelse måtte vi ta til takke med kanelbullar og kaffi. For å piffe opp kvardagen litt tok vi turen innom ein salong for å teste ut brasiliansk voksing. Der jobba det ei sadistisk heks som vrei seg i latter når vi hylte av smerte.

Byen byr på mangen vakre strender der det florerar av volleyball, menn i klistretruse(vårt fornorska ord for speedo) og damer i teenie weenie string bikini. Ipanema og Copacabana er dei to vi har fått tid til å besøke. Bølgene her er kjempesvære. Hehe. Dette kan Guro skrive under på. Hehe. Ho skulle vere kul og surfe på bølga, og endte opp topplaus i strandkanten. Ho trekt for gardina før ei ny bølge slo ho over ende.

Vi var ikkje dei einaste norske som var stasjonerte på Ipanema. Då Guro og Silje stod å leika seg med volleyballen kom plutselig Iver Horrem og plukka den opp. Han og Hordvik trena seg opp til OL2012 mot to tyskera. Etter trening vart det slått av ein liten prat, og Horrem tippa kjapt at vi var frå Førde. Hyggelege kara!

I dag har vi svevd som fuglar over Rio. Vi sprang ut frå Pedro Bonita med paraglidarar og hangglidera på ryggen, og hadde ei fantastisk utsikt over Jesusstatuen, sukkertoppen, favelaen, grønne regnskogar og milelange strender. Vakkert.

torsdag 1. april 2010

Kjedelig nyhet

Dei to siste dagane har Silje fölt at ho har brygga på noke og hatt litt vondt i halsen. I dag var det derimot så gale at vi tok ho med på sjukehuset for sikkerhets skyld. Ho testa desverre positivt på kyssesjuka, og har ikkje så masse anna valg enn å reise heim i löpet av veka. Så då blir vi atter en gang en mindre i reisefölget. Dinna gangen var det ikkje sjölvvalt, og Silje tar det ganske tungt. Vi hadde ikkje forventa den tilbakemeldinga sia ho ikkje har vore dårlig så veldig lenge! Nyheten kom med andre ord som et sjokk på oss. Kjedelig dag i dag, forståelig nok...

tirsdag 30. mars 2010

Rio baby

No er vi stasjonert et steinkast fra Copacabana i Rio de Janeiro. Vi bur på en vandrerheim, og her skal vi vere i ei veke. Väret er strålande, og i dag har vi vert på stranda og spilt beachvolley. Der mötte vi en gymlärar frå Arendal som kom bort til oss når ho hörte at vi snakka norsk. Verden er tydeligvis ikkje stor - etterkvert fant vi ut at ho er en tidligare klassekamerat av Magne Hornnes. Så vi lovde at vi skulle hilse fra "Björg, en av tvillingane fra Sörlandet". Ho blei entusiastisk med oss og spilte mot en gjeng gamle, portugisiske veterana som fortsatt hadde dreisen. Dei var iallfall rutinerte. Her er forresten noken bilde fra padleturen vår på Ilha Grande den siste dagen.


søndag 28. mars 2010

Livets glade dager paa Ilha Grande


Ei lita oppsummering frå dei siste dagane:
Vi har no hoppa 14 timar tilbake i tid og hatt to lange flyturar, med ei overnatting i Johannesburg. Der blei vi plukka opp av Simon, ein Guro har gått på folkehøgskule med. Vi blei henta og kjøyrt til Soweto, som er den største bydelen, der det bur tilsvarande heile Norges befolking. Fekk der ein varm velkomst av baade familie, venner og naboar. Eldstebroren stod aa kokte på smalahove, noko som han brukte aa livnære seg på, mens ein anna bror var utdanna tradisjonell healer. Etter litt sosialisering slokna vi omtrent midt i ein samtale i ni-tida, heilt utkjøyrt etter å ha reist i over 24 timar. Tidleg neste morgon vart vi fulgt av både familie og vennar heilt fram til innsjekkinga. På vegen la vi dessutan godt merke til at byen er sterkt prega av det kommande VM, med store fotballar som dukkar opp overalt og store oppussingsprosjekt.

Etter ei natt i Sao Paulo, rakk vi på hengande håret ferja til Ilha Grande, der vi no befinner oss. Her storkosar vi oss på ei fredeleg øy utan bilar, og bur omringa av fjell, regnskog og kvite strender.


Naboane i fjellsida der vi bur paa eit lite, koseleg hostel.




Bilda er ifraa turen vaar til Lopes Mendes igaar, den finaste og mest kjende stranda paa Ilha Grande. Vi vart frakta til stranda i ein liten trebaat, mens turen tilbake tok vi til fots over fjellet gjennom regnskogen - ein SVETT og spennande opplevelse.


Sist men ikkje minst vil vi gratulere Solveig med dei store 21! :) Haapar at du storkosar deg og ikkje gjekk paa ein smell med spritgeleen, du skulle vore her i paradis med oss og feira! :)

lørdag 27. mars 2010

No er vi trygt framme paa paradisoeya Ilha Grande, som er den nest stoerste oeya i Brasil. Deilig aa slappe av litt etter tre lange daga med reising og fly. Skal skrive meir om Ilha Grande seinare, no kjem foerst litt bilder fra Fraser Island!



mandag 22. mars 2010

Siste dag i Australia

Her kjem litt godt og blanda fraa vaare siste dagar her i Aussiland. Foerst litt meir skrytebilder fraa fallskjermhoppinga vaar:





Ei koselig gammal dame vi moette paa en pub her i Cairns, daa ho stod og tukta soennen sin for aa skyte paa hjortar med et leikegevaer.












Grilling og bading med vaare svenske venna.








!I gaar tok vi turen ut til et av reva i The Great Barrier Reef, der vi fekk oss et lite kurs i scubadiving. Og kven moette vi plutselig paa daa vi stod morgentroette paa baaten foer vi skulle til aa reise ut? Jo, Lise-Martine, Helle og Ingebjoerg som vi ikkje hadde sett sida vi var i Byron! Tilfeldig? Neppe. Eller kanskje veldig. Men goey var det iallefall!

I gaar var vi ute en siste kveld med svenskane. Lise-Martine, Helle, Ingebjoerg og to tyskera var ogsaa med paa laget. Her er noken blinkskudd fra kvelden:





I dag tar vi turen ned igjen til Sydney, der vi skal tilbringe ei siste natt foer vegen gaar vidare mot Brasil i morgon. Flyturen ned dit tar ikkje mindre enn 3 timar - det seier litt om kor langt vi egentlig har koeyrt oppover her..
Dagen derpaa har vi en LANG flytur foran oss: Foerst 14 timar til Johannesburg, der Simon fra folkehoegskulen til Guro har tatt oss under sine vinger og gitt oss soverom for ei natt. Som takk for gjestfriheten har vi tatt med oss en Best of-cd av yndlingsartisten hans - Bjoern Eidsvaag! Deretter ventar ei 10-timers flyreise over Atlanteren, foer vi endelig setter foettene paa brasiliansk jord i Sao Paulo.

Ellers vil Anne gratulere lisjesysta (som ikkje er saa liten lenger) heime i kalde nord med overstaatt bursdag! Pakke faar du i juni ;)