fredag 11. juni 2010

Haisafari i Mexicogolfen

I gaar blei vi med to andre norske vi har blitt kjent med paa jakt etter kvalhai, verdens stoerste hai. Den kan bli opptil 15 meter lang og har faatt namnet sitt fraa det kvalaktige utseende. For bekymra lesarar heime kan vi berolige daakke med at den har ikkje tenner og angrip ikkje menneske. Likevel strider det litt mot sunn fornuft aa kaste seg uti vatnet til ein hai som er lenger enn baaten vaar. Etter aa ha leita vel og lenge, fikk vi eit radiosignal og susa avgaarde til flokken.Opptil fleire gongar hoppa vi uti vatnet og snorkla ved sidan av haien saa lenge vi klarte. Det var ikkje berre, berre aa holde foelge med verdens stoerste hai som til og med kunne slaatt ihjel bamsen Stian Grimset. Vi fekk streng beskjed om aa holde oss vekke fraa halefinnen og heller svoemme mot haue. Vi var faktisk saa naere at vi tok paa haien, og det kjentest ut som sandpapir!
Seinare paa dagen satte vi oss godt fornoegde paa eit fly til Mexico City, og la oss inn paa eit koseleg hostel i upper district.
I dag var vi tidlig oppe for aa sjaa opningskampen mellom Mexico og Soer-Afrika, og det var vi ikkje aleine om. Rundt kvart eit hjoerne og i alle krikar og krokar satt folk med drakter og sombreroar og kika paa kamp. Klokka var berre 09.00 i mexicansk tid, men restauranten vi endte opp paa var stappfull av gaulande mexicanarar. Dei var ikkje saa hoege i hatten naar Soer-Afrika scorte det foerste maalet, men stemninga kom seg betraktelig naar Mexico utligna. Festen fortsatte ute i gatene etter kampen og det gjekk ikkje lange tida foer vi vart dratt inn i folkemengda. Noko som resulterte i at Guro og Silje blei intervjua paa direkten paa mexicansk tv, neddusja av kvitt skum. Guro fekk seg attpaatil ein dans med ein av dei gamle grisane.

Etter snart fem maanedar paa reisefot, naermar vi oss no slutten. Kristine reiser i natt fraa oss til fordel for Machu Picchu og ein annan nasjonalitet;) Vi nyter dei siste dagane saa hardt vi kan og nektar aa innsjaa at vi snart er tilbake i kvardagen.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar