Livet i Rio er herlig og det er mykje spennande å finne på. Her om dagen tok vi turen på eit av dei største markeda i byen som byr på over 600 butikkar/boder. På veg tilbake tok vi eit stopp innom sjømannskirka, i håp om å finne melkesjokolade og vafler. Til vår store skuffelse måtte vi ta til takke med kanelbullar og kaffi. For å piffe opp kvardagen litt tok vi turen innom ein salong for å teste ut brasiliansk voksing. Der jobba det ei sadistisk heks som vrei seg i latter når vi hylte av smerte.
Byen byr på mangen vakre strender der det florerar av volleyball, menn i klistretruse(vårt fornorska ord for speedo) og damer i teenie weenie string bikini. Ipanema og Copacabana er dei to vi har fått tid til å besøke. Bølgene her er kjempesvære. Hehe. Dette kan Guro skrive under på. Hehe. Ho skulle vere kul og surfe på bølga, og endte opp topplaus i strandkanten. Ho trekt for gardina før ei ny bølge slo ho over ende.
Ja de er meg nokre fine, skremmer av tanter og gamle tanter til Silje. So Alvhild seie, DITTA E IKKJE NOKE Å SPØKJE ME (les me høg å lys stemme) :-). Til og med Signy lurte på kor da gjekk. Da va no godt at de ikkje landa på Jesus-statuen med hanglideren. :-)
SvarSlett