søndag 28. mars 2010

Livets glade dager paa Ilha Grande


Ei lita oppsummering frå dei siste dagane:
Vi har no hoppa 14 timar tilbake i tid og hatt to lange flyturar, med ei overnatting i Johannesburg. Der blei vi plukka opp av Simon, ein Guro har gått på folkehøgskule med. Vi blei henta og kjøyrt til Soweto, som er den største bydelen, der det bur tilsvarande heile Norges befolking. Fekk der ein varm velkomst av baade familie, venner og naboar. Eldstebroren stod aa kokte på smalahove, noko som han brukte aa livnære seg på, mens ein anna bror var utdanna tradisjonell healer. Etter litt sosialisering slokna vi omtrent midt i ein samtale i ni-tida, heilt utkjøyrt etter å ha reist i over 24 timar. Tidleg neste morgon vart vi fulgt av både familie og vennar heilt fram til innsjekkinga. På vegen la vi dessutan godt merke til at byen er sterkt prega av det kommande VM, med store fotballar som dukkar opp overalt og store oppussingsprosjekt.

Etter ei natt i Sao Paulo, rakk vi på hengande håret ferja til Ilha Grande, der vi no befinner oss. Her storkosar vi oss på ei fredeleg øy utan bilar, og bur omringa av fjell, regnskog og kvite strender.


Naboane i fjellsida der vi bur paa eit lite, koseleg hostel.




Bilda er ifraa turen vaar til Lopes Mendes igaar, den finaste og mest kjende stranda paa Ilha Grande. Vi vart frakta til stranda i ein liten trebaat, mens turen tilbake tok vi til fots over fjellet gjennom regnskogen - ein SVETT og spennande opplevelse.


Sist men ikkje minst vil vi gratulere Solveig med dei store 21! :) Haapar at du storkosar deg og ikkje gjekk paa ein smell med spritgeleen, du skulle vore her i paradis med oss og feira! :)

1 kommentar:

  1. Imponert over stadig nye hoppebilder frå rundt om i verden ;-)

    SvarSlett