mandag 15. mars 2010

Campingliv paa Fraser Island

Vi har tilbrakt 3 dagar og 2 netter paa Fraser Island, verdas stoerste sandoey. Oeya har den einaste regnskogen i verda som veks paa sand. I havet kryr det av hai og stingers(doedelige manetar) og paa land spring dingoane rundt som ville hundar eller noke saant.

Vi var 29 stk fordelt paa 4 bilar. Vi var plassert i bil med Amanda og Viktor fraa Sverige og Anat fraa Israel. Ellers krydde det av skandinaverar, blant anna ein svenske som hadde tilbrakt det siste halvaaret paa Nortura i Sogndal.








Som den einaste 21-aaringen med lappen i gruppa vaar, fekk Guro hovudansvaret for bilen og var sjaafoeren vaar paa oeya, en sak ho mestra som den den foedte sandkoeyrar. Ifoelge Guro er det som aa koeyre i 2 meter hoegt snoefoere, saa det var ikkje heilt uvant kost for ho.
Campinglivet paa Fraser var litt som aa vere i ein camp paa Roskilde; vaeret varierte mellom sol og plutselige piskebyger med regn og paa kveldane var det grilling, sipping paa oel, kartongvin og bourbon.

Daa Silje var nede paa stranda og krabba i sanden klarte ho merkelig nok aa faa ein manet klistra fast paa armen. Silje som har lest om Australias doedelige stingers begynte raskt aa faa urovekkande symptom. Naar solbrentheten forsvann fraa ansiktet og ho sa ting som "tenk om eg doer" fann vi ut at det var best aa legge ho i teltet med beina hoegt. Vi tok ei ringerunde til turoperatoerane og engasjerte fleire folk i hjelpeoperasjonen. Men daa ho fekk hoeyre at maneten ikkje var av den doedelige sorten forsvann symptoma raskt og den glade, solbrente Silje kom tilbake. For sikkerhets skyld tok ho i bruk eit tips ho hadde faatt fraa nokre av vaare israelske campevenna og vi hadde faatt fraa ein episode i "Friends", og tissa paa armen.

Daa vi kom til campingplassen andre dagen, viste den seg aa ha stengt dagen foer pga aggressive dingoar. Vi fant oss likevel ein lysning aa campe paa foer tidevatnet kom opp i bilen, men det viste seg aa ikkje vere heilt fritt for dingoar der heller. Utpaa kvelden begynte vi aa sjaa dei luske rundt telta vaara. Litt ekkelt i og med at vi ikkje hadde glidelaas paa vaart telt, og at nokre dingos hadde angripe "two big blokes"(ifoelge rangers) dagen foer.

Ellers var vi innom hoegdepunkt som saltvannsbassenget Champagne pools og den krystallklare innsjoeen Lake McKenzie. Her har vi mange flotte bilete som kjem naar Guro sitt kamera er oppe og gaar.

Etter tre dagar paa Fraser heada vi nordover og det som har moett oss paa vegen er skilt som "plan your evacuation" og snakk om ein syklon som er paa veg. I gaar kom vi til Airlie Beach, der planen var at vi skulle segle til Whitsunday Islands med seglbaaten Matador. Fram til i dag tidlig trudde vi at seglturen skulle gaa som planlagt, men no har vi nettopp faatt vite at den er kansellert pga syklonen og generelt daarlig ver. Locals virka likevel ikkje til aa vere saa bekymra for stormen som ligg uti sjoen og truar, og forhaapentligvis kjem den til aa treffe lenger nord om den kjem inn til kysten i det heile tatt.

Her i Aussieland florerer det av spreke padder. Silje fekk denne fornoegde tommeltvinnande tilskuaren daa ho skulle ta seg en dusj eine kvelden.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar