mandag 8. februar 2010

I live.

Vi befinner oss no i Moshi, ved foten av Kilimanjaro. Etter aa ha staatt opp halv fem, levert fraa oss Solveig i Dar(og nei, det er ikkje ein spoek) og saatte ni timar paa buss, kom vi heilskinna fram til Moshi paa fredag. Vi fortsetter den primitive stilen; straumbrudd i ny og ne, dusjing som midget under tappekrana, haandvask i bakgaarden av kleda o.l. Den svaere, feite Mexicoboka til Anne har allereie komme til nytte som mordvaapen for aa drepe kakkerlakkane, vi har allereie tatt knekken paa tre.

Paa loerdag var vi paa waterfallhiking og saag paa dei lokale landsbyane i semiregnskogen. Vi saag black colobus monkeys slenge seg i trea medan vi bada i fossefall fraa Kilimanjaro. Her fekk vi laga kaffi fraa boennestadiet(noko som fall i smak hos oss alle, sjoelv hos kaffihatarane blant oss) og drukke lokal oel, bananoel.

I dag begynte voluntoerprosjektet. Vi er plassert rundt paa tre ulike skular ilag med forskjellige andre voluntoerar, der vi laerer ungar fraa 3-6 aar alfabetet og tal paa engelsk.

Pga internett som er treigare enn skilpaddene paa prison island, faar vi ikkje oppdatert meir i dag, bilete satsar vi paa kjem etterkvart!

Kwa heri!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar