torsdag 6. mai 2010

Late dagar paa Stillehavskysten


Sidan mandag har vi tatt livet med ro i Santa Teresa. Her er ein chill atmosfaere, folk raanar rundt paa firhjuling og moped i staden for bil. Rett uttafor doera finn vi baade strand og jungel. Det myldrer av landkrabber og gekkoar, og i trea
klatra broeleapane. Vi merkar at vi har gaatt av aa slappe av litt, saa det har blitt nokre timar svingande i hengekoeya. Guro og Anne sleika sol paa stranda, medan Silje skvulpa rundt i vatnet med surfebrettet under armen. I ny og ne klarte ho aa fange nokre boelger, kjennast paa kroppen!














Midt under pannekakemiddagen dukka plutseleg eit kjent ansikt opp! KRISTINE! Ho er komt tilbake og familien er igjen gjenforent. Det skal feirast i kveld med vin, ost og kjeks.

søndag 2. mai 2010

Paa nye eventyr i jungelen

Vi fikk meirsmak sist vi rafta, og klarte oss ikkje berre med en gang. I dag rafta vi i jungelen i ei elv som er paa topp5-lista over verdens beste elver aa rafte i. Naturen og regnskogen rundt var ubeskrivelig og fantastisk! Kunne minne om Avatar, for dei som har sett den filmen. I rafting gaar skalaen opp til 5 som er det mest heftige og paa grensa til farlig, og i dag var vi oppe paa 4+! Det var litt meir enn forrige gang, og veldig spennande! Vi storkosa oss, med andre ord. Vi har lagt ut endel bilder fordi ansiktsuttrykka er ganske priceless. Klikk inn paa bilda for aa sjaa, for dei som er spesielt interesserte :)


























































I gaar, paa sjoelvaste 1.mai, fikk vi vere med vaar norske venn Bjoern heim til vafler og brus, noke som smakte himmelsk etter 3 mnd fravaer. Vi blei verta godt opp og kosa oss med bilder fra Sunnfjord. Som om det ikkje var nok, var vi og saa heldige aa faa med oss et ekte, heimelaga norskt grovbroed. Det merkast at Bjoern har fleire aar bak seg som kokk! Nam nam. Fekk hilse paa fleire familiemedlemmer som kom innom paa besoek, og trivdes godt i en svaert heimekoselig atmosfaere!

fredag 30. april 2010

Overgår egne grenser!

Ja, i dag har vi gjort det store. Vi har nemlig hoppa BUNGEE!! Tidlig i dag blei vi plukka opp av Extreme Waves og kjoert midt uti jungelen. Der moette det oss ei 80 meter hoeg bru og den skulle vi - mot all sunn fornuft - hoppe fra. Det var helt fantastisk!! Vi er fortsatt i live og veldig fornoegd med at vi faktisk klarte det. Et aldri saa lite sug i magen :)

Filmane ligg paa youtube, og vi faar desverre ikkje til aa legge opp kobling. Saa for dei som er nybegynnar paa data, berre merk og hoegreklikk linken, trykk paa kopier, hoegreklikk igjen oppe i webadressefeltet, trykk paa lim inn og avslutt med enter. Om dette ikkje gjer deg noko klokare, soek hjelp hos ein meir erfaren :p

Her er link til Silje sitt hopp:

http://www.youtube.com/watch?v=EozNMV70n5M"

Her er link til Anne sitt hopp:

http://www.youtube.com/watch?v=8-wv0e5xi6I"

Her er link til Guro sitt hopp:

http://www.youtube.com/watch?v=HB6wXNuF4C4"

(Nokre av hyla du hoere paa Anne og Guro sine er ikkje berre deira, men fra en fortsatt gira Silje som ser paa fra brua).

Her er bilder av oss i aksjon:













Med i adrenalinpakken vaar var ogsaa rappellering ned et fossefall og tarzan swing 40 meter over bakken. Vi fikk bokstavelig talt dusja oss under rappelleringa mens vi firte oss nedover den sleipe fjellsida. Vi storkosa oss. For en gangs skyld hadde vi faktisk en NORMAL instruktoer. Han var lur og utspekulert og sendte oss ut i Tarzan swing naar vi minst venta det.


















Overraska Silje og Guro i Tarzansving:

torsdag 29. april 2010

Safe and sound in San Jose

Vi ankom i gaar San Jose til regn og torden. Naar vi vaakna var sola heldigvis framme, men no i regntia maa vi nok rekne med noken vaate ettermiddaga framover. Vi har faatt tilbakemelding fra Kristine om at ho er trygt framme i La Paz etter lange bussturar og en lang omvei pga et demonstrasjonsbaal. I dag har vi moett en kjernekar fra sjoelvaste Foerde som er busett her i San Jose. Han er onkelen til en kjenning av Guro, og stilte velvillig opp og viste oss baade byen og stampuben hans. Koselig! I kveld blir det sikkert en tur paa kino, og saa er vi noedt til aa sette oss ned og legge en slagplan for vidare reising oppover Mellom-Amerika.

tirsdag 27. april 2010

Siste dagane i Peru

No er vi tilbake der vi starta, i Lima paa det same, koselege hostellet som sist. Her chilla vi i hengekoeye og det er egentlig ikkje saa mykje paa dagsplanen. Bortsett fraa vaar daglege dose med McFlurry. Og daa er det ikkje snakk om den same McFlurry som vi har i Norge, men ein utanomjordisk god med oreokjeks og varm sjokoladesaus. MMMMMMMMMMMMMMMMMMMM! Vi vurderar aa sende inn eit anonymt tips til McDonalds i Norge, med lovnad om at dei faar iallfall auka salet med fire personar.


Fraa spoek til alvor; paa veien fraa Huachachina til Lima stoppa vi innom Paracas og tok ein baattur til Ballestas Islands. Desse er ogsaa kjent som fattigmanns Galapagos.










Oeyne kunne by paa baade klumsete pingvinar, late sjoeloever og dritande fuglar. Ein eim av bajselukt moette oss og det reiv i nasebora. Ellers vart vi vitne til ein pingvin som stod aa venta paa ei boelge, bomma, tok ein ufrivillig salto og landa paa haue.









I morgon flyr vi nordover til Costa Rica, mens Kristine er vel snart vel framme i Bolivia. Ho har reist tilbake for aa besoeke nokre bekjente og kjem etter oss om ei veke. Undervegs kjem ho til aa sende oss oppdateringar paa korleis det gaar.

lørdag 24. april 2010

Sandboarding i oerkenen

Her befinner vi oss for oeyeblikket, midt i en oase i den peruvianske oerkenen. Daa seier det seg sjoelv at vi maatte proeve sandboarding. For aa komme oss opp paa sanddynene vart vi frakta i en saakalla buggie, som ser ut som et bur med sete og motor i bilformat. Det var nett som aa kjoere berg- og dalbane, og vi rasa ned dei brattaste skraaningane vi aldri hadde trudd var mulig aa kjoere ned! Vi foelte G-kreftene pressa paa og hylte om kapp med motoren. Vi hadde aldri sett for oss at det var den delen som kitla mest i magen!

Vel framme paa sandboardingplassen vart vi utstyrt med brett og stearinlys til smoering, og bokstavelig talt dytta utfor kanten. Vi var kanskje en smule flinkare til aa ligge paa magen paa brettet enn aa staa paa det. Fort gjekk det iallefall, spesielt i det siste stupet..




torsdag 22. april 2010

Whitewater rafting i Cusco

Vi har det med aa faa dei mest spesielle guidane paa aktivitetane vaare, men denna gangen var det heldigvis i positiv retning. Igaar var det rafting som stod paa planen, 10 km nedover stryka i ei elv fra Andesfjella. Etter 2 timers koeyring gjennom Sacred Valley kom vi til Urubamba River og campen. Her fekk vi ei kort briefing foer vi hoppa i det. Vi storkosa oss heile veien, og hylte av fryd i dei brattaste stryka. Stemninga vart ikkje daarligare av at guiden kom med sjuke vitsar kvar gang han fekk sjansen, av typen "each year I have a grilled guinea-pig with a candle on it for my birthday". Humoren hans utspilte seg ikkje berre verbalt, og han benytta fort sjansen til aa dytte oss utfor baaten daa vi trudde vi poserte fint for fotografen. Vi var derfor forberedt paa aa havne i vatnet igjen daa vi saag at gruppa foran oss svoemte den siste delen. Det som kanskje ikkje var like planlagt, var at Anne fekk guiden i hauet daa flaata kvelva etter et "uheldig" kraesj mot ein stein (les: noeye beregna av instruktoeren). Ho mista skoa paa heile greia, og guiden vart litt meir satt ut enn han ville vise. Det gjekk et par minutt foer en ny vits kom paa banen..
















Silje var i tillegg saa heldig aa vinne en tur i zipline ved berre aa vise fram handflata si, og fekk svinga seg over elva i en svimlande fart paa opp mot 1 m/s. Adrenalinkick!














Vi har tilbragt dei siste dagane med McFlurry, milkshake og shopping her i Cusco, som er en vakker liten by med masse flotte bygningar og en haug av fine handcraftprodukt aa fraatse i.










I kveld staar 16 timar buss for tur, til Ica som ligg helt paa vestkysten av Peru. Heldigvis har vi foersteklasses senger til bussete:)