lørdag 8. mai 2010

Etter nokre late dagar i Santa Teresa, har vi no forflytta oss til Montezuma. Her bur vi paa eit hostel med stranda, palmar og hengekoeyer rett utanfor doerstokken. Vi sovnar og vaaknar til boelgebrus. Herleg, herleg.












I gaar var vi derimot paa eit lite jungeleventyr der vi sveva gjennom tretoppane paa fleire zip-lines. Den eine strekninga tok vi til og med opp-ned:) Sidan vi var saman med ein stor amerikansk gjeng fraa eit bryllaup vart det ein del venting paa plattformane, og vi maatte bli sikra til trestammane som hundar i band.









Kvelden tilbrakte vi under stjernehimmelen paa stranda, med hodelykt, kortstokk, Jack Johnson paa hoegtalarane og krabber som proevde aa bite oss i taaa.

Dagen i dag har vi brukt i ein nasjonalpark. Vi vandra rundt i uroert jungel blant broeleapar og det vi mistenker var ein leopard. Fraa den tjukke jungelen rett ved stien hoeyrte vi nemlig ei uvennleg knurring. Og daa Silje paapeikte at paa lista over dyr var det eit kattedyr som er i slekt med leopard, blei vi ein smule satt ut. Sjoelv om han som jobba der sa at den typen dyr er veldig sjeldne aa sjaa, er vi endaa ikkje heilt overbevist.

Godt med litt is i varmen, eller ka Torlaug...?
HE HE

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar