mandag 31. mai 2010

Ekje det ekstremsport, saa er det ekstremvaer.












Seint torsdagskveld ankom vi Guatemala City fra Honduras, etter aa ha hoppa fraa buss til buss sidan fem om morningen. Det foerste som moette oss var eit haglande, svart regn som festa seg til hud og haar. Kommentaren kom kjapt fraa Anne: "Er det virkelig saa forurensa her at det regnar svart?". Det viste seg at det ikkje var sur nedboer men askeregn fraa vulkanen Pacaya, som same ettermiddag hadde hatt eit stort utbrudd. Denne vulkanen er ein populaer turistplass fordi den er saa aktiv, og vi hadde ogsaa planar om aa ta turen opp og grille marshmallows over lavaen - det vart det ikkje noko av... Den har ikkje hatt eit saa kraftig utbrudd paa mange aar, saa sjoelv for dei lokale var det eit sjeldent syn aa sjaa bilar og gater dekt av eit svart asketeppe.

Neste morning var det igjen fleire bussbytter med "final destination", Lake Atitlan. Sekkane vaare fekk gjennomgaa i regnvaeret der dei laag oppaa taket paa dei lokale bussane. Dei vart ikkje mindre vaate paa baaturen over innsjoen til San Marcos, den vesle landsbyen der vi skulle tilbringe dei neste dagane. Dette merkast ettersom verken sekkane eller kleda har toerka etter 4 dagar under tak.
Guatemala har nemlig ikkje berre blitt raaka med vulkanutbrudd denne veka. Ein tropisk storm har skylt over landet og dei to foerste dagane regna heftig non-stop. Dette har foert til at mange har mista husa i landsbyane rundt innsjoane, og alle vegar var stengt pga jordskred. Vi merka det ved at stroemmen forsvann og at menyane paa eteplassane vart fattigare pga manko paa diverse matvarer. Dette resulterte i oppvarming i sauna, snophandling i stearinbelyste butikkar og tidsfordriv av typen vist paa bilde under(Anne fann ut at Silje si lilletaa kunne sjaa ut som eit monster med hoggtenner).









Soendags morning var derimot stormen plutseleg over, og til tross for advarslar om at den skulle slaa inn igjen paa kvelden, ser det no ut til at den har tatt vegen soerover. Her er nokre bilde av korleis San Marcos saag ut dagen derpaa. Oppryddningsarbeidet er i full gang og alle hjelper alle.


Ein vesentlig grunn til at vi tok turen til San Marcos var at Kristine og Silje skulle ta spansktimar. Paa ein koseleg liten restaurant, a lado de peisen, faar dei eit intimt og laererikt kurs med ein dyktig laerar. Sidan dei er berre to elevar paa ein laerar og at det stort sett gaar i snakking paa spansk, er laerekurva bratt og stemninga upaaklageleg.

Pga vaeret og stengte veiar, vart spanskkurset utsatt to dagar. Guro og Anne har no vald aa reise vidare oppover og sjaa andre plassar mens Silje og Kristine gjer seg ferdig med kurset. Planen er aa moetast igjen enten i Guatemala eller Cancun, avhengig av vaeret. Det er trist at familien er skilt og vi gledar oss allereie til aa moetast igjen!












Paa bildet til venstre utsikt mot mayalandsbyen San Marcos og til hoegre klesvask ved ein av dei fleire smaa landsbyane rundt innsjoen

Til sist nyttar eg, Kristine, hoevet til aa gratulere min kjaere mamma med bursdagen. Haapar du hadde en like straalande dag som sola som kom tilbake til San Marcos her i dag!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar